Lettfatteleg skildring av vrien teknikk

 

Mette Hovden var innom redaksjonen for å fortelje litt om arbeidet med strikkeboka, og ho var naturleg nok storleg nøgd med at den endeleg er ferdig.

Mette Hovden var innom redaksjonen for å fortelje litt om arbeidet med strikkeboka, og ho var naturleg nok storleg nøgd med at den endeleg er ferdig.

Mette Hovden og søstra hennar har nyleg kome med ei spildrande ny bok om ein gammal teknikk.

Kontstrikk er ein gammal teknikk som var på full fart inn i gløymeboka.

Kontstrikken – der mønsteret danner skråstilte ruter i to fargar, er ein teknikk som opphavleg skal stamme fra Finnskogen og går så langt som 300 år attende i tid.

På veg til å forsvinne
Mette Hovden snubla over teknikken ved ei tilfeldigheit. Kontstrikkteknikken var i ferd med å forsvinne, og det var dårleg med både forklaringar og oppskrifter.

Teknikken har overlevd ved at kunnskapen vart overført frå mor til dotter, og teknikken har vore i bruk ikkje berre her i landet, men også i til dømes Estland.

Dei som meistra denne strikkemåten, var velsette – og produkta vart gjerne nytta som betalingsmiddel i byte mot tenester. Kontstrømpene vart nytta både til kvardags og til fest, og det var liksom meir stas over strømper i kontstrikk enn ”vanlege” strømper.

Mangel på oppskrifter
Etter å ha strikka sokkar – mange par sokkar – i kontstrikk, hadde Mette lyst til å forsøke seg på andre ting. Problemet var at det var nærast uråd å finne oppskrifter på anna enn sokkar.

Da  fann ho ut at ho like godt kunne lage sine eigne oppskrifter med moderne garn og moderne fargar og samle dei i ei bok eller hefte for å gjere teknikken tilgjengeleg for fleire. Som tenkt, så gjort – og no er boka koma.

Rett begge vegar
Kontstrikken ser ut som eit rutemønster – som eit flettemønster, som ein fletta neverkont. Og namnet kjem då også derifrå.

Det spesielle med teknikken, er at ein strikkar rett både frå venstre til høgre og tilbake, altså, ein snur ikkje strikketøyet slik ein normalt gjer. I tillegg vert ei og ei rute strikka ferdig om gangen, og når ein skal starte på ein ny farge, plukkar ein opp masker i kanten av rutene.

– Å venje seg til det med å strikke rett begge vegar, var det vanskelegaste med kontstrikken, fortel Mette.

Lettfatteleg
Resultatet er ei fargerik bok, og sjølv ein som ikkje er spesielt strikkekyndig ser at oppskriftene er utførleg skildra, også dette med å strikke ”baklengs”. Det er nok ikkje det nybyrjarar bør forsøke seg på aller først, men Mette og søstra hennar har skildra teknikken så godt at det bør vere mogleg for dei aller fleste med litt erfaring å ta fatt på kontstrikken.

Sjølvsagt er der oppskrifter på sokkar, men der er også oppskrifter på vottar og pulsvantar. Har du lyst på ei hue så er der oppskrift på det også – jamvel litt større prosjekt som sjal og putetrekk finn du oppskrifter på i boka.

Heile familien var med
Bokprosjektet har vore eit familieprosjekt, bokstaveleg tala. Dei to søstrene og borna deira har vore modellar, tatt bilete, hatt hand om redigering og design – ja alt utanom sjølve trykkinga, boka er eit resultat av at heile familien har bidratt med sitt.

I tillegg til å takke familien for hjelp med prosjektet, takkar ho også Norddal husflidslag for både moralsk og økonomisk støtte i løpet av prosessen.

– Utan dei er det ikkje sikkert at eg hadde fått dette til, avsluttar ho.

Boka – som førebels er trykt i eit opplag på 200 eksemplar – er å få tak i både i utsalet til Norddal husflidslag og på Lykkeriet eller på nett. Elles er det berre å kontakte Mette om du har lyst på eit eksemplar.