Samla kompetanse

 

Bjørn Ove Olsen er dagleg leiar i Sunnrør og i lokala i Stordal har Elin Parr teke seg av utstillingane.   Ein spegel er ikkje berre ein spegel lenger, dette har både innlagt lys og varmekablar.

Bjørn Ove Olsen er dagleg leiar i Sunnrør og i lokala i Stordal har Elin Parr teke seg av utstillingane.   Ein spegel er ikkje berre ein spegel lenger, dette har både innlagt lys og varmekablar.

Med Stordal som utgangspunkt startar no Sunnrør på sitt fjerde år som rørleggjarfirma. Bjørn Ove Olsen er dagleg leiar og til saman er dei fem tilsette i firmaet som har kontor og lager i Stordal.

I Stordal er mykje av aktiviteten deira knytt til den store hyttebygginga i Langsæterområdet. Med tilsette i Storfjordområdet vert det ein god del jobbar der, men det er naturleg for firmaet å rette seg utover, der volumet og storleiken på jobbane finst.

Utover
Akkurat i desse tider held dei på med ein større jobb på Ellingsøy hos Sperre Industrier. Dei har òg ei avdeling på Stranda og Sjøholt og bilane til dei tilsette fungerer som ein liten rørleggarbutikk.

– Vi har etter kvart funne ut kva som fungerer best, jobbane vert administrerte frå Stordal medan rørleggaren reiser rett til arbeidsstaden, seier dagleg leiar Bjørn Ove Olsen. Han har det meste av arbeidet sitt på kontoret i Stordal, men er òg på synfaring og utfører jobbar.

Lager og utsal
I lokala deira i Stordal har dei eit stort lager. Lenge før Sunnrør si tid har Bjørn Ove Olsen nytta lokala til lager. No har dei eit stort fint lager, utsal og utstilling. I enden av Stordal næringsbygg er flott baderomsinteriør stilt ut og hjelp til utstillinga har dei fått av Elin Parr.

– Eit lager må vi ha, slike ting som ein varmtvasstank og liknande må vi ha lett tilgjengeleg når kunden ber om det og ein stad å setje støre ting som badekar og anna, seier Bjørn Ove. Elles vert lageret til over tid når rørleggaren løyver ting etter utførte oppdrag.

Passe stor 
Det å vere fleire som har ulik kompetanse gir ei tryggheit i eit firma, det same gjeld når dei skal ha ferieavvikling og når nokon vert sjuk.

– Når vi er fleire, kan vi lettare hjelpe kvarande, det er noko som gir forutsigbarheit for kundane våre. Etter tre år har vi fått eit godt fotfeste i området vårt, har gradvis utvida med tilsette som passar i lag, smiler dagleg leiar.