Kategoriarkiv: Nyhende

Brann i driftsbygning

 

På tunet på Rem i Valldal stod ein traktor i full fyr då brannfolka kom.

På tunet på Rem i Valldal stod ein traktor i full fyr då brannfolka kom.

Tysdag 30. desember tok det til å brenne i ei driftsbygning på Rem i Valldal.

Brannvesenet kom til staden om lag halv tre og då sto ein traktor i brann nede ved vegen og var truleg slept vekk frå driftsbygninga. Etter kort tid slo flammane opp gjennom taket på løa. Les meir

Skal låne 53 millionar til idrettshall

Mange hadde møtt fram for å høyre debatten i kommunestyret.

Mange hadde møtt fram for å høyre debatten i kommunestyret.

Med knappast muleg fleirtal vedtok Norddal kommunestyre i går å finansiere bygging av idrettshall i tilknyting til Valldal skule.

Britt Ingunn Maurstad

Vedtak om at det skal byggjast hall, vart gjort i fjor, men den gongen vart ikkje investeringsmidlar lagt inn i budsjettet. I går var det tid for å meine noko om finansieringa. Les meir

Norske løer mellom to permar

Dette spesielle fotoet av Framgardsløa i Valldal tok Oddleiv Apneset våren 2013, eit foto som har har vorte mykje brukt i omtalen av boka.

Dette spesielle fotoet av Framgardsløa i Valldal tok Oddleiv Apneset våren 2013, eit foto som har har vorte mykje brukt i omtalen av boka.

Ein kombinasjon av flotte fotografi og den unike historia til norske løer har gjort at første opplaget av boka ”Norges låver” vart utselt på ein blunk.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no

– Denne løa må få ein sentral plass i boka, sa Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth då dei vitja Valldal våren for snart to år sidan. Dei skule ta bilde av Framgards-løa og samle informasjon. Les meir