Brann i driftsbygning

 

På tunet på Rem i Valldal stod ein traktor i full fyr då brannfolka kom.

På tunet på Rem i Valldal stod ein traktor i full fyr då brannfolka kom.

Tysdag 30. desember tok det til å brenne i ei driftsbygning på Rem i Valldal.

Brannvesenet kom til staden om lag halv tre og då sto ein traktor i brann nede ved vegen og var truleg slept vekk frå driftsbygninga. Etter kort tid slo flammane opp gjennom taket på løa. Etter iherdig arbeid fekk brannfolka kontroll over flammane og starta arbeidet med å sikre bygningane i nærleiken. Ei pumpe vart sett på brua over elva for å sikre vatn til sløkkinga. Det er ikkje meld om skadde personar og ingen dyr oppheldt seg i løa da brannen starta.