Lær å lokke på reven

Tor Ola Dehli kjem til Ystereiten neste veke for å halde kurs i lokking på rev og rådyr.

Tor Ola Dehli kjem til Ystereiten neste veke for å halde kurs i lokking på rev og rådyr.

Valldal jeger- og fiskeforening vil gjerne engasjere ungdom og på Ystereiten på Omenås har dei vintrane halde kurs og hatt ymse aktivi-tetar gjennom vintrane.

Neste veke kjem Tor Ola Dehli for å halde rovviltkurs. Han er ein lidenskapeleg jeger og friluftsmann som har hovudfag i fisk og vilt. Han reiser rundt i Norge og held kurs og foredrag, og på denne tida er det lokkekurs på rev og rådyr han driv med. Tor Ola Dehli er 38 år og har allereie rukke å vere med på eit utal av program og seriar.  Han skriv artiklar og deltek på filmproduksjonar og heile tida er det hans lidenskap for naturen som driv han.

Skotpremie 
I Norddal er det skotpremie på rev. Skyt du ein rev, får du 500 kroner for han om du syner han til ein av rovviltutvalet sine medlemmer. Det er Asgeir Heggen, Jarle Hauge og Karl Petter Stenvåg som er medlemmer i utvalet.

Reven må vere avliva etter jakt og fangst, sjølvdauda eller trafikkdrepne dyr gjeld ikkje. Du må sjølvsagt ha betalt jegeravgift og ha avtale med grunneigar før du gir deg i veg for å lure reven. Representant for rovviltnemnda godkjenner og klipper tre klør frå ein av framføtene, for å sikre seg at ikkje reven nyttast fleire gongar. Eit skjema fyllest ut og kvar reven vart skoten merkast av på kart.

Norddal kommune administrerer ordninga og gir 300 kroner for kvart dyr. Resten av pengane er det Valldal jeger- og fiskeforeing, Valldal Bondelag, Eidsdal og Norddal Bondelag, Valldal og Fjørå beitelag og Eidsdal og Norddal sau og geit som deler på.

Det er den dokumenterte skaden reven gjer, spesielt på lam om våren, som ligg til grunn for skotpremien. Jakttida er frå 15. juli til15. april.

Jaktmiljø
Kurset som Valldal jeger- og fiskeforening arrangerer varer om lag tre timar. I tillegg til kunnskap, har Tor Ola Dehli med seg varer som deltakarane kan få kjøpt. Håvard Heggen i Valldal jeger- og fiskeforening håper temaet vil fenge dei unge og at dei vil nytte seg av tilbodet.

– Det er ei sunn og god interesse som passar perfekt dette året som det er friluftslivets år, seier den engasjerte unge jegeren i Heggen.