Skal låne 53 millionar til idrettshall

Mange hadde møtt fram for å høyre debatten i kommunestyret.

Mange hadde møtt fram for å høyre debatten i kommunestyret.

Med knappast muleg fleirtal vedtok Norddal kommunestyre i går å finansiere bygging av idrettshall i tilknyting til Valldal skule.

Britt Ingunn Maurstad

Vedtak om at det skal byggjast hall, vart gjort i fjor, men den gongen vart ikkje investeringsmidlar lagt inn i budsjettet. I går var det tid for å meine noko om finansieringa.

Debatten vart lang, og argumenta velkjende. Hallskeptikarane anført av Norddalslista, grunngav sitt standpunkt i den stramme kommuneøkonomien og uro kring kva konsekvensar ein hall vil ha å seie for drifta til kommunen i åra framover. Dei som heile tida har ivra mest for bygging av hallen, nytta og kjende argument som at Norddal kommune er den einaste på Sunnmøre utan noko slikt, at ein hall vil fremje bulyst og vil hindre fråflytting frå bygdene – og også få folk til å flytte til kommunen. I tillegg meinte dei at sjølv om økonomien er stram, så er der likevel rom for ei slik storinvestering. Då ein kom til røysting, var det med knappast mogleg fleirtal det vart vedteke at finansiering skulle vedtakast i saka om budsjett for neste år og økonomiplan fram til 2018. Røystinga enda 11-10 for, og dei som røysta imot, var heile Norddalslista (Bjørn Helge Rønneberg, Merete Løvoll Rønneberg, Audun Skjervøy, Jon Kåre Løvoll, Hilde Ljøen Melchior, Signe Brenna og Inger Johanne Tafjord), Idar Rønneberg frå Frp i tillegg til Tanja Mathiesen og Wenche Silden frå Ap. Dei som røysta for var Sp (Kristin Gilje Sandnes, Fridjon Døving og Per Magnus Berdal), Ap (Bjørn Inge Ruset, Kjell Arne Valdal, Tor Johnny Håseth og Kjell Hoel), Tverrpolitisk liste (Oddbjørn Lianes, Viktor Valdal, Heidi Toreli Sylte og Svein Linge).

Så skulle investeringsramme og finansiering vedtakast. Den opphavlege ramma på prosjektet var kostnadsrekna til 59 millionar kroner. Då prosjektet vart lagt ut på anbod, viste det seg at det billigaste anbodet låg på 73 millionar kroner. Kommunestyret bestemte at eigedomsselskapet må forhandle ned totalsummen til 65 millionar kroner, som er den vedtekne nye ramma for prosjektet. Idrettshallen skal finansierast ved låneopptak på 53 millionar kroner og eventuelt bruk av elverksfondet, det siste vert å kome attende til, i tråd med framlegg frå Viktor Valdal (Tl).

Røystetalet vart 12-9, der Norddalslista, Idar Rønneberg (Frp) og Tanja Mathiesen (Ap) røysta imot.