Månadsarki: august 2015

Posten til Shell i Valldal

Posttenester vert heilt nye oppgåver for Kjetil Støversten og dei som jobbar på bensinstasjonen

Posttenester vert heilt nye oppgåver for Kjetil Støversten og dei som jobbar på bensinstasjonen

Frå 15. eller 16. september vert Posten i Valldal å finne på bensinstasjonen Shell.

Valldal Bilsenter driv bensinstasjonen i tillegg til bilverkastaden. Dagleg leiar Kjetil Støversten seier at dei fekk førespurnad frå Posten om dei ville leggje inn tilbod på å drive postkontor og postboksene, som må ut etter at Rimi-butikken vert lagt ned. Les meir

Dikt på vegen til Botnastølen

Vel framme på Botnastølen var det kvil, kaffi, dikt og fløytespel av Nathalie de Wrieze.

Vel framme på Botnastølen var det kvil, kaffi, dikt og fløytespel av Nathalie de Wrieze.

Sist søndag arrangerte biblioteket i Stordal i samarbeid med Mental Helse Stordal stubbedikt-tur og målet var Botnastølen.

Frå biblioteket i Stordal var det samkøyring til Jøssvoll og skogsvegen var opna av grunneigar for fylgjet, noko som sparte pusten til dei som skulle lese dikt og ikkje berre dei. Les meir

Ingen grunnstein i dag

Dei har arbeidd mykje den siste tida med å lage til rås og trapp slik at folk skal kunne kome seg ned på klostertomta på ein fornuftig måte.

Dei har arbeidd mykje den siste tida med å lage til rås og trapp slik at folk skal kunne kome seg ned på klostertomta på ein fornuftig måte.

I dag skulle Valldal vere full av gjestar frå fjern og nær i høve nedlegging av grunnsteinen for det planlagte ortodokse klosteret på Syltefjellet.

Les meir