Ingen grunnstein i dag

Dei har arbeidd mykje den siste tida med å lage til rås og trapp slik at folk skal kunne kome seg ned på klostertomta på ein fornuftig måte.

Dei har arbeidd mykje den siste tida med å lage til rås og trapp slik at folk skal kunne kome seg ned på klostertomta på ein fornuftig måte.

I dag skulle Valldal vere full av gjestar frå fjern og nær i høve nedlegging av grunnsteinen for det planlagte ortodokse klosteret på Syltefjellet.

I aller siste liten kom det melding om at grunnsteinseremonien må utsettast.

I pressemeldinga som vart sendt ut tysdag morgon, var grunnen til utsettinga uføresette hendingar innad i patriarkatet i Georgia.

I tolvte time
Glenn Hole, administrerande direktør ved Muritunet og den som har halde i trådane når det gjeld invitasjonar og gjesteliste og arrangementet forøvrig, fortel at han så seint som måndag ettermiddag snakka med Georgias ambassadør til Norge som skulle kome til Valldal for å halde tale.

Hole fortel at ambassadøren hadde gitt uttrykk for at alt var klart, og at han gledde seg til å kome til Valldal for mellom anna å halde tale på vegner av det offisielle Georgia. Ambassadøren hadde med helsingar frå Georgia, frå både regjering og president.

Så kom altså kontrameldinga natt til tysdag om at arrangementet med 117 bekrefta gjestar måtte utsettast, noko som kom overraskande på både for ambassadøren og dei andre involverte i arrangementet.

Hektisk tysdag
Utover tysdagen var det hektisk aktivitet hos dei som har arbeidd med arrangementet, dei hive seg rundt og få gitt beskjed til alle dei 117 gjestane som hadde takka ja til å delta på  middagen på Muritunet torsdag kveld.

– Heldigvis rakk vi å avbestille maten i tide, seier Glenn Hole.

Ettersom meldinga om utsetjing av grunnsteinsnedlegginga kom så seint, var mange av dei langvegsfarande gjestane allereie komne eller undervegs då meldinga gjekk ut. Difor vil det i dag bli arrangert ein lunsj for desse gjestane, i tillegg til at dei er inviterte til ei lita samling på klostertomta på morgonen i dag.

Hole seier det sjølvsagt er ergerleg at slikt skjer, men at det iallfall er positivt at kyrkja ikkje har ombestemt seg med omsyn til klosterplanane.

– Dette er ei utsetting, ikkje avlysing av klosterprosjektet.

Sprikande forklaringar
Abbedisse Thavoria og klosteret sin juridiske talsmann, prest og munk Ireneos Archimandrite hadde også ein travel tysdag, spesielt med å handtere pressa. Til NRK Møre og Romsdal vart det sagt at ein nyoperert patriark var årsaka til utsetjinga – som etter kvart vart til at det var difor patriarken ikkje kunne kome. Den forklaringa fekk også Storfjordnytt då vi snakka med han.

Etter kva Storfjordnytt kjenner til, var patriarken sjølvsagt invitert til arrangementet, men at han ikkje hadde bekrefta sin ankomst.

Grenselaus rehabilitering
Om grunnsteinsnedlegginga måtte utsettast, kan det likevel kome noko positivt ut av kontakten som har vore med Georgia så langt.

Glenn Hole fortel at han til hausten, mest truleg i løpet av september, skal ha samtaler med helseministaren i Georgia vedkomande samarbeid om rehabiliteringstenester og ikkje minst, kompetanseoverføring.

– Dette kan bli eit spennande samarbeid der Muritunet har mykje å bidra med, seier Hole.