Noriaki, te og musikk

28_Haiku

August vart opna med tre rundar med Haiku-dikt, te og musikk på Juvet i Valldal. Sentralt i dikta til Endre Ruset er den japanske hopparen Noriaki Kasai.

Haikudikt er ein japansk diktform etter særskilde reglar. Diktet er på tre liner og har 17 stavingar og er alltid i notid og ikkje på rim. Innhaldet har tilknyting til natur og årstider. Ruset fortel at i den seinare tid har ein ny haiku-
tradisjon dukka opp, med å ha ein gjennomgangsfigur. For Ruset vart det altså den store hopparen frå Japan.

Den første laurdagen i denne månaden inviterte StOrfjoOrdOrd med Endre Ruset, kunstnar Karin Augusta Nogva og musikar Stian Omenås til dikt, te og musikk på Juvet. For at så mange som muleg skulle få ta del i opplevinga, hadde dei tre framsyningar og då Storfjordnytt tok turen til den siste framsyninga, kunne Omenås fortelje at dei var godt nøgde med oppmøtet så langt. Kring 30 personar på kvar av dei to første, og eit tjuetals frammøtte til den siste framsyninga.

– Vi er veldig godt nøgde med oppmøtet, det er hyggeleg at så mange har funne vegen hit til Juvet denne dagen, seier Omenås.

Det vart ein spennande seanse, dempa og avslappande. Det var nesten litt mindfulness over det. Stian Omenås sine improvisasjonar på alt frå trompet til handorgel til bjeller og anna var ei stemningsfull kulisse til dikta om Noriaki. Nogva serverte te inspirert av japansk teseremoni, men ikkje med fullt så mange reglar som i ein ekte teseremoni.

Neste gong ein kan oppleve både teseremoni og haikudikt med desse tre, blir under Høstscena i Ålesund til hausten, men dei håper også dei skal ha høve til å vise framsyninga ved fleire høve.

Døme på dikt:

Noriaki

og skyggen av Noriaki

møtes i nedslaget