Dikt på vegen til Botnastølen

Vel framme på Botnastølen var det kvil, kaffi, dikt og fløytespel av Nathalie de Wrieze.

Vel framme på Botnastølen var det kvil, kaffi, dikt og fløytespel av Nathalie de Wrieze.

Sist søndag arrangerte biblioteket i Stordal i samarbeid med Mental Helse Stordal stubbedikt-tur og målet var Botnastølen.

Frå biblioteket i Stordal var det samkøyring til Jøssvoll og skogsvegen var opna av grunneigar for fylgjet, noko som sparte pusten til dei som skulle lese dikt og ikkje berre dei.

God flokk
Over 30 personar var med på turen som starta på Josætra der Bjørg Moltu orienterte og las dikt frå trappa. Med så mange kunnskapsrike folk på tur var det òg ymse historisk informasjon å få med seg. Turen fram mot stølen gjekk på smal rås og for kvart diktstopp måtte folket trykke seg saman på råsa. Bjørg Moltu hadde avtalt på førehand med dei som skulle lese dikt og med mange forskjellige folk til å lese vart det òg eit mangfald av dikt. Finurlege, morosame, alvorlege, historiske og naturlege. Dikt av Arne Ruset og Martin Hjelme vart lesne opp og valsen Jonsoknatta av Martinus Hoel var spelt, kjekke lokale bidrag. I bakgrunnen susa Stavåna i botnen av dalen då stubbediktfylgjet som med jamne stopp var på veg fram mot Botnastølen.

Stølen
Etter ei lita stund vart det slutt på den tette skogen og dalen vida seg ut. I botnen rann elva og på den eine sida av den sætra dei på Stavdal og på den andre dei på Jøssvoll. Framme på stølen orienterte Kirsten Ludvigsen om historia og kunne mellom anna forttelje at dei starta å sætre der tidleg på 1600-talet og at det vart slutt i 1950. I 2002 slutta storfeet å beite der og ikkje så lenge etter var det slutt på beitande sau òg. Ei velforeining tek i dag seg av å rydde på stølen og halde skog og gjengroing unna som best dei kan.

Fleire dikt
Flokken på stølen drog drikke og litt å bite i ut av sekken og så vart fleire varierte og gode dikt lesne opp og tonar frå fløyta til Nathalie de Wrieze. Dette er den siste stubbediktvandringa denne sesongen og alle som las dikt og elles dei som hadde gjort ein innsats, fekk fin T-skjorte med skrifta «bibliotek i farta» på. Storfjordnytt sin utsende hadde fått kome til ein ny stad, høyrt nye dikt og treft folk i ei litt anna setting enn ein elles gjer.