Månadsarki: september 2015

Sogenemnda presenterer unikt intervjuprosjekt!

Sogenemnda i Stordal kommune kan no presentere den unike serien med 14 intervju, der eldre i Stordal kommune ser attende på opplevingar dei har vore med på gjennom eit langt liv. Vi får høyre meir om både ungdomslaget, om hornmusikken, om oppvekst på Stordalsholmen, om tilflytting nordfrå, om møbelindustri og mykje, mykje anna.

Meir om saka på Stordal kommune sine nettsider.

Intervjua finn du her

Siste dag med laksefiske i Valldøla

Jonas Strande og Tor Atle Myklebust tek ei lita pause i laksefisket under Hoelsbrua i Valldal.

Jonas Strande og Tor Atle Myklebust tek ei lita pause i laksefisket under Hoelsbrua i Valldal.

Under Hoelsbrua i Valldal treff Storfjordnytt to ivrige laksefiskarar måndag denne veka. I bilen ligg to laksar på godt over seks kilo og no har dei ei lita pause i det fine vêret.

Plassen under Hoelsbrua i Valldal er i seg sjølv ei naturoppleving. Med kvelvingen frå brua over, ein flott kulp, eit lite kraftverk og vatn som i sola er litt turkis. Les meir

Ein fin sommar på Skotet

Anna Nesensohn (frivillig) og Kirsi Räty (daglig leiar) med brød baka i vedkomfyr. Foto: Marthe Boll.

Anna Nesensohn (frivillig) og Kirsi Räty (daglig leiar) med brød baka i vedkomfyr. Foto: Marthe Boll.

Søndag var det matfestival på Ytste Skotet, og til liks med dei andre temasøndagen i sommar, var det mange som tok turen.

– Med tanke på at det var meldt nokså ustabilt vêr søndag, hadde vi rekna med ein stad mellom 30 og 50 gjestar denne dagen. Det kom kring 40 i tillegg til ein del dugnadsfolk, så det vart omtrent som forventa og det er eg godt nøgd med, seier Kirsi Räty. Les meir