– Ønskjer oss lukke til

Ein rørt Charles Tøsse gir ordførarkjedet over til den nyvalde ordføraren, Eva Hove.

Ein rørt Charles Tøsse gir ordførarkjedet over til den nyvalde ordføraren, Eva Hove.

Etter at Eva Hove var formelt valt som ny ordførar i Stordal, bytta ordførarkjede og -klubbe eigar. Hove syntest det var spesielt stas med dei unge kvinnene som var valde inn.

Det var ein rørt Tøsse som gav frå seg ordførarkjedet etter å hatt det dei siste tolv åra.

– Eg er takksam, audmjuk og stolt over å ha fått vore ordførar i Stordal i desse tolv åra, sa han og kika litt attende på det som er blitt gjennomført i løpet av den tida som til dømes Stordalstunet, nyskulen og prosjektet Vekst i Stordal.

– Inga arbeidstid
– Eg takkar heile stordalssamfunnet, dei tilsette i kommunen, frivilligheita, lag og organisasjonar – takk for alt vi har fått til i lag, sa han. Og så gratulerte han Eva Hove og sa at sjølv om det har lagt i korta ei stund at det vart ho som vart ordførar, så skulle ho tross alt formelt veljast.

– Eg reknar med at det er ein spesiell dag for deg og eg lovar deg eit spennande og lite føreseieleg verv, sa han. Med uføreseieleg, meinte han at ho kan vente seg telefonar frå innbyggjarar som har ting på hjartet til alle døgnets tider, ein kan vente seg å bli vekt grytidleg om morgonen av NRK som ønskjer ein kommentar i ulike saker.

– Det vil bli utfordrande og fascinerande og så er det slik at som ordførar har ein inga arbeidstid, slo han fast.

Han lova henne også spennande dager der ho kan risikere å måtte handtere regionale saker – det vil bli ris og ros, oppturar og nedturar.

– Du har alle føresetnader for å lukkast, du har lang politisk erfaring og ikkje minst, du har vore varaordførar under to høgreordførarar. Du kjenner lokalsamfunnet og næringslivet sine behov og eg er trygg på at du vil vere ein god ordførar for alle i Stordal kommune.

Takka for tilliten
Eva Hove fortalde at ho har hatt stor glede av samarbeidet dei fire siste åra, og ho karakteriserte Tøsse som arbeidssam, sympatisk og lun.

– Du har fått gjennomført og gjort mykje for Stordal kommune, utan å vere brautande, men med ein nøktern og sakleg stil. Du seier ikkje for mykje, men det du seier, blir lagt merke til, sa ho. Supermanndrakta som nesten er blitt eit varemerke for Tøsse og Barnas kommune, nemnde ho også, men trur ikkje at ho kjem til å stille med den på.

– Du har vore eit flott førebilete for den oppveksande slekt. Du har brukt tolv år av livet ditt på å vere ordførar, det står det respekt av.

Hove takka også for tilliten når ho no var vald til ordførar. Ho takka også for at Ap hadde gjort eit så godt val og synest det er veldig spennande å ta fatt på dei komande fire åra og lova å gjere sitt beste for Stordal kommune. Ho gratulerte også spesielt dei unge jentene som har fått plass i kommunestyret.

– Det er kjekt at de vart valde inn slik at kjønnsbalansen blir betre. Det er litt ekstra stas med dei unge. Eg ønskjer oss alle lukke til, avslutta ho.