Sauene beitar i bakkane

Med ein pose med kraftfôr tek det ikkje lange tida før Frode Rønneberg får nærkontakt med sauene sine, både kvite med lang og kort hale, og dei svarte og grå gammalnorske.

Med ein pose med kraftfôr tek det ikkje lange tida før Frode Rønneberg får nærkontakt med sauene sine, både kvite med lang og kort hale, og dei svarte og grå gammalnorske.

Frode Rønneberg på Rønneberg i Eidsdal har no dei aller fleste av dei 160 sauene som vert sleppte på fjellbeite, trygt på heimebeite i bakkane ovanfor garden.

I besetninga finst det både Norsk kvit sau, norsk kvit spelsau og nokre gammalnorske spelsauer.

Går ulike stader
Spelsauen held seg for det meste i området rundt Haukoppen, som er ein stad ovanfor Rønneberg på vegen opp mot Grjotet, den norske kvite sauen i Smogedalen. Nokre av sauene har på seg  ei radiobjelle.

– Den kan vere nyttig for å sjå kvar dei oppheld seg, og då veit vi kvar vi skal leite etter dei sauene når hausten kjem, om dei er ein stad der Telenor har dekning, seier Frode Rønneberg. 40 lam er sende til slakteriet og i neste veke reiser resten av vêrlamma og dei andre som ikkje skal nyttast i vidare produksjon.

Sauekontrollen
Frode Rønneberg er med i sauekontrollen. Det er han fordi han driv avlsarbeid og sel vêrlam som andre nyttar i sitt sauehald.

– Då må vi mellom anna vege alle lamma. Det vert gjort for å vite korleis lamma til dei forskjellige vêrane veks, seier Frode. Med tre ulike sauerasar må dei i Skulegarden på Rønneberg minst ha like mange vêrar. Den gammalnorske spelsauen har dei berre nokre få eksemplar av. Dei er svarte, grå og brune og Frode hadde med nokre slike til kåring på Stranda for ikkje lenge sidan. Der gjekk det ikkje akkurat slik Frode ville, fordi halen på lamma var ein centimeter for lang.

Best klassifisering
Det er den Norske kvite sauen som ofte får den beste klassifiseringa når dyra på Rønneberg vert sende til slakteriet. Når sauene skal sankast, er det spelsauen som er lettast å finne og få heim. Dei er meir flokkdyr, medan den Norske kvite sauen går sine eigne vegar. Det manglar ein sau og tre lam, den vaksne sauen har dei funne restar av i terrenget.

– Eg føler litt på det, men no veit eg ikkje kvar eg kan finne dei. Leitinga er avslutta, men eg har ikkje gitt heilt opp, vi har opplevd før at lam har dukka opp seinhaustes. Sauene på heimebeite har det bra i bakkane og i haustsola. Bakkane er det mange av og der dei er brattast fôrhaustar bonden graset. Dei lagar rundballar òg, men der det er flatare terreng, så ikkje ballane rullar av stad.

– Det rulla nokre ned bakkane i sommar og det er ikkje kjekt, seier sauebonden.

Med i samdrifta
I Skulegarden på Rønneberg var det før mjølkeproduksjon. Om den tida seier Frode at han ikkje har sakna ho ein dag. Han er med i samdrifta på Skuset og trivst godt med det. I tillegg til dei om lag 60 vinterfôra sauene har dei nokre oksekalvar som dei fôrar opp. Tidlegare var namna «Skulegarden og Stueflaten» vanleg når plassen skulle nemnast. I dag er adressa Rønneberg 179 og namnet på bonden vert ikkje som tidlegare knytt til garden, døme: Skuleleif.

Ein sauebonde frå Eidsdal sentrum køyrer forbi med ei sauevekt, han er òg med i sauekontrollen og skal heim og vege lam før dei sendast til slakteriet.

Humorist
Ein morosam kommentar og eit lurt smil er aldri langt unna når du snakkar med Frode Rønneberg.

– Viss nokon lurer, så har eg fått opp potetene, seier han og ler. Korleis vart avlinga? spør lokalavisa.

– Ikkje så mykje, men dei var veldig små dei vi fann, smiler Frode.