Saman med Teateret Vårt har musikarane Britt Elise Skram og dansar Anna Liv Skjelten Gjendem laga ei interaktiv danseforestilling dei reiser rundt med. Framsyninga handlar om å overvinne angsten for å dumme seg ut, kome seg ut på dansegolvet og gleda over å vere med i dansen.
Dette skal vere ei intim oppleving som passar perfekt for ungdoms- og forsamlingshus rundt om på bygdene. Musikken og dansen kjem for det meste frå Romsdal med springdans, vals, pols og masurka for å nemne noko. Torsdag denne veke vitjar dei Fjørå og då håper Fjørå og Valldal pensjonistlag at Fredheim skal fyllast opp. Etter framsyninga vert det dans med Valldal spelemannslag. Då vert det vanskeleg å sitje stille for dei som likar å danse