Stordal sitt fotballag for jenter 16 år sikra seg førre torsdag kretsmeisterskapet i fotball då dei slo Skodje heile 15-0 på heimebane.
Stordal jenter 16 år vann alle sine kampar i vårsesongen, med unntak av ein som enda uavgjort og ein som enda med tap, begge desse to kampane var mot Skodje. Med dette rykte laget opp til 1. divisjon i haust, og i det som var den nest siste kampen for sesongen var det nettopp Skodje som fekk takk for sist og vart offer då stordalsjentene sikra seg tittelen som kretsmeistrar framfor eit begeistra heimepublikum på Kirkebø stadion. Med ein kamp att å spele står Stordal utan tap i haust. Siste kampen går på bortebane mot Hessa laurdag.
Kveldsmat
Etter kampen mot Skodje var det diska opp med kveldsmat i grendasalen med is og brus som «dessert» til jentene, og støtteapparatet rundt laget hadde mange godord til dei glade jentene. Jan Ove Øvrebust har vore hovudtrenar denne sesongen, med Frank Olsen og Pål Bjørn Øvrebust som hjelpetrenarar, men også Hallgeir Hove og Magne Tøsse har vore mellom dei som har bidratt på trenarsida ved samtrening med jenter 14 år og juniorlaget.
Pål Bjørn Øvrebust talte til jentene, og trekte der mellom anna fram det gode samarbeidet med nettopp jenter 14 år og juniorlaget, og korleis dette har vore med på at ein har fått høg kvalitet på treningane, samstundes som jentene har vore godt motiverte for å trene. Han mintest at han var noko skeptisk til at dei skulle spele i 1. divisjon i haust, men at han slo seg til ro med at dei kanskje hadde godt av å tape nokre kampar også…
– Når ein har gode treningar får ein til så god fotball som i denne kampen. Å vere trenar for ein så motivert gjeng er kjekt, sa han. Jan Ove Øvrebust skrytte av den gode treningsdisiplinen og iveren til spelarane, ikkje berre på dei organiserte treningane, men også på eiga hand. Reidun Lid Bratland er lagleiar for jentene, og var primus motor for kveldsmaten, der ho mellom anna hadde baka rundstykke. Ho fekk applaus for den flotte oppdiskinga.
Mange mål
Første omgang enda 3-0 til Stordal, etter mange stangskot og nestenmål. I andre omgang løsna det skikkeleg, og mykje fint spel og gode angrep førte til at ballen enda i nettet bak Skodje si målvakt heile 12 gonger denne omgangen slik at det enda på 15-0 før dommaren bles i fløyta for full tid og jentene kunne sleppe jubelen laus.
Stordal jenter 16 år er sett saman av 15- og 16-åringar, i tillegg til at nokre spelarar frå jenter 14 år har hospitert på laget. 16-åringane har i tillegg spelt på juniorlaget til Stordal. Dette er, så langt vi veit, første jentelaget frå Stordal som har vorte kretsmeistrar i fotball.
Berga plassen i 5-divisjon
Stordal sitt A-lag spelte ein god kamp mot Åram VanKam onsdagskveld og vann heile 5-1. På det viset sikra dei plassen i divisjonen med ei flott avslutting på sesongen.
Åram VanKam kar levert inn protest og meiner Stordal nytta ein spelar som hadde karantene grunne tre gule kort. Fotballforbundet vil ta ei avgjer i neste veke.