Å satse på ungdommen er prioritert i framlegget til strategisk næringsplan for Norddal.
Gruppa som har arbeidd med framlegg til strategisk næringsplan for Norddal inviterte til orientering og gruppearbeid onsdag i førre veke. Temaet vekte ikkje akkurat overveldande interesse med tanke på frammøtet.
Ungdom
Leiar for gruppa, Terese Jemtegård Moen, gjekk gjennom det arbeidet som har vore gjort. Den nye næringsplanen skal gjelde for tidsrommet frå 2016 til 2026. Dei har lagt ned tre delmål, der det første er å få fleire og meir overlevingsdyktige verksemder, det andre er fleire arbeidsplassar og det tredje er ei auke i folketalet på minst 50 innbyggjarar i planperioden.
Jemtegård Moen understreka at i strategien for å nå måla meiner dei det er viktig å satse på dei unge, det er deira første prioritet. I tiltak under temaet ungdom er det vist til medlemskap i Ungt entreprenørskap og Ungdommens næringsfond.
Ho la fram fleire ulike strategiar med tilhøyande tiltak, kven som har ansvaret og kor mykje pengar som skal brukast av næringsfondet til dei ulike tiltaka.
Andre strategiar for å nå måla er å stimulere til nyetableringar og vekst og nyskaping i eksisterande næringsliv. Identitet og omdømme er ein annan strategi, det same er å vidareutvikle levedyktige lokalsamfunn. God organisering av næringsutviklingsarbeidet er ein annan del.
Optimistpris
Dei ulike tiltaka har fått ein kostnad. Dei to største postane er drift av kommunal næringsavdeling til 500.000 kroner i året. Same summen er sett opp til generell støtte til forprosjekt, bedriftsutvkling og fellesgodefinansiering. Fleire prosjekt kjem i den høgare prisklassa, slik som prosjekt helseturisme til 325.000 kroner med Muritunet som ansvarleg. Hoppid, førstelinjeteneste for nyetablerar er sett opp med 300.000 kroner og lagt til Fjordhagen.
Prosjekt landstraum i Valldal er eitt av dei nye tiltaka som er komne med på planen, og inneber utgreiing av om det er grunnlag for å få til at cruisebåtar kan leggje til kai og få straum frå land. Framlegget er å setje av 200.000 kroner kvart år i fire år med Norddal kommune som ansvarleg.
Ein annan ny idé er å opprette næringsfondet sin optimistpris, det kjem under identitet og omdømme. Det same gjer ein fotokonkurranse, som skal handle om tolking av livskraft.
Det er Fjordhagen og Norddal kommune som er sett opp som ansvarleg for dei fleste tiltaka.
Etter presentasjonen vart det ein del diskusjon rundt borda om innhaldet. Det kom ikkje så mange konkrete framlegg verken til nye tiltak eller omprioriteringar. Det vart mellom anna etterlyst litt meir vekt på den sterkaste næringa i Norddal, som er landbruket.