Ein frisk og oppegåande trettiåring

Mange ville vere med og feire Eidsdal-Norddal Røde Kors.

Mange ville vere med og feire Eidsdal-Norddal Røde Kors.

Førre onsdag inviterte Eidsdal-Norddal Røde Kors til stor bursdagsfeiring på Røde Kors-huset i Eidsdal. Til saman 180 år skulle markerast ettersom Norges Røde Kors var 150 år den dagen og Eidsdal-Norddal Røde Kors hadde sin 30-årsdag 1. november.

Nye og gamle medlemmar og andre gode vener av Eidsdal-Norddal Røde Kors hadde funne vegen til «huset» denne dagen, der bursdagsbarnet stilte med både kaffi og ei mengde kaker.

Litt om starten
Gjertrud Melchior fortalde litt om historia til laget. 1. november 1985 starta Eidsdal-Norddal Røde Kors opp. I det første styret var Ulf Johansen leiar, Leidulf Tafjord var nestleiar, og dei andre i styret var Ann Helen Årdal, Gunnar Arntsen, Gjertrud Melchior og Geir Jostein Relling. Laget hadde hjelpekorpsavdeling også før dette, men då som ei underavdeling av Geiranger Røde Kors. Men ettersom dei hadde lyst til å starte opp ei URK-avdeling (ungdomsavdeling) og dei skilde lag frå Geiranger, måtte dei starte eiga lokalforeining. Ho fortalde at det var ho og Leidulf Tafjord som fekk i oppgåve å undersøke korleis ein skulle starte opp både lokalforeining og URK. Det vart halde eige møte om dette, og det kom fram at Geiranger ikkje hadde så lyst til å vere fullt så aktive som dei på andre sida av fjellet.

– Så vi tok ut skilsmisse og prosessen vart gjennomført på ein skikkeleg og ryddig måte som gjorde at vi skiltest som vennar og har vore vennar sidan. Så vart det skipa til eit ekstraordinært møte der lokalforeininga vart danna, fortalde ho.

Laget var svært aktivt, og ein såg raskt at det kunne vere nyttig med ein fast stad å halde til. Det vart tatt kontakt med eigarane av Ytterdal forsamlingshus med tanke på kjøp. Melchior fortalde at det vart tatt opp lån for å finansiere kjøpet, men at ein måtte kausjonere for lånet sjølve – og det vart Brita Relling og Inger Johanne Tafjord som tok den risikoen. Melchior fortalde at URK var aktive, og heldt på i mange år. No består lokalforeininga av hjelpekorpset og omsorgsgruppa.

Mykje aktivitet
Leiar av hjelpekorpsgruppa, Kristian Indreeide, fortalde at hjelpekorpset har ein stad mellom fem og ti aksjonar i året i gjennomsnitt, og flest aksjonar har det vore dei siste seks åra. No er det 15 godkjente hjelpekorpsarar i laget, og totalt har laget 103 medlemmar.

– Det som er ekstra hyggeleg, er at i hjelpekorpset har vi folk frå alle bygdene i kommunen. Det er bra, slo han fast.

I tillegg fekk bursdagsgjestane høyre litt om naudnettet, og litt om alle dei tusenvis av dugnadstimar som har vore lagt ned i oppgradering av huset.

Gjertrud Melchior fortalde også litt om omsorgsgruppa som sidan starten har hatt ulike arrangement på «huset», det er aktivitetar i 55+-gruppa og i tillegg vart det for kort tid sidan starta opp besøkstenestekurs.

– Det er noko vi er blitt bedne om, det er mange som sit åleine og vi bur i eit område med store avstandar, sa ho og presiserte at besøkstenesta slett ikkje er berre for eldre, den er for alle. I tillegg er det folk som også ønskjer å bli flyktningguide, også det er noko som sorterer under omsorgsgruppa.

Melchior trekte også fram nokre av dei som står på og gjer ein stor innsats, men som aldri «synest». Som til dømes Asgeir Storås og Svein Veiberg, Rigmor Lund og Lene Hanset Krohn.

– Eit mystisk lag
Øyvind Valde frå distriktsstyret fortalde at han lenge syntest at Eidsdal-Norddal Røde Kors var litt mystisk, spesielt fordi alle tilsynelatande heitte Melchior. Men etter at lokalforeininga arrangerte distriktsmeisterskap for nokre år sidan, har han vore glad i Eidsdal og er imponert over aktiviteten i laget.

Aud Lindis Ødegaard var til stades på vegner av Norddal kommune – det er ho som mellom anna handterer beredskapen i kommunen. Ho trekte fram det gode samarbeidet kommunen har hatt med laget og at Eidsdal-Norddal Røde Kors har vore ein viktig partnar som har stilt opp når det har vore behov for det i samband med øvingar og anna. Laget er også med i kommunen sitt kriseteam og beredskapsgruppe. Ho fortalde om ei øving då markørane frå Røde Kors viste seg å vere svært så overbevisande markørar. I tillegg trekte ho fram kor viktig det er med samspelet mellom det frivillige og kommunen, og som døme trekte ho fram arbeidet Røde Kors har gjort i samband med å kartleggje dekninga til jaktradioane i kommunen.

Stein Ivar Krohn, banksjef for Sparebanken Møre i Valldal, var også invitert til feiringa.

– Det kunne ikkje ha passa betre, for eg er over gjennomsnittet glad i kaker, slo han fast etter å ha hatt høve til å forsyne seg frå eit kakebord som passar seg ei feiring av til saman 180 år. Krohn trekte fram det store arbeidet som laget har gjortfor å gjere Røde Kors-huset i Eidsdal til eit levande hus for heile bygda, i tillegg til at det er eit hjelpekorps som vert kalla ut til stort og smått, ikkje berre i Norddal kommune, men også i nabobygder som Geiranger. Og som så ofte før når banksjefen er på slike tilstellingar, hadde han med seg gåver.

– De har funne ut at det går an å søkje om midlar, og de har søkt om 10.000 kroner til meir utstyr. Det har de fått, men i tillegg har eg med meg dette, det er eit diplom som viser at siden de har bursdag, så får de 25.000 kroner i såkornmidlar, var den hyggelege meldinga frå banksjefen, noko leiar Ragnhild Døving tydeleg sette stor pris på. Midlane kjem godt med, for sjølv om dei har gjort mykje med huset dei siste åra, er det framleis mykje dei har planar om å gjere.