Lufta bunaden til mor si

Det starta med at Kristina Marie Løvoll ville ha eit spesielt bilete til konfirmasjonen, bunad på Grjotet.

Det starta med at Kristina Marie Løvoll ville ha eit spesielt bilete til konfirmasjonen, bunad på Grjotet.

Kristina Maria Løvoll ville ha eit spesielt bilete til konfirmasjon sin. I april månad det året gjekk ho opp på Grjotet i Eidsdal med ski, og i sekken hadde ho Ørstabunaden til mor si.

Vel oppe var det omkleding og fotografering. Dette sette henne på ideen til prosjektet som ho seinare kalla tradisjon til topps.

Tok nokre år
Ti av toppane som omkransar heimplassen på Løvoll i Eidsdal skulle bestigast og med bunad i sekken fotodokumenterast. Grjotet har ho to variantar av, ein vinter- og ein sommarversjon. Planen var å vere ferdig med prosjektet i 2013, men av ulike årsaker, var det fyrst denne sommaren ho fekk gjennomført prosjektet. Ein sommar var breen på Midti-Skorne så nedsmelta at blåisen kom fram og gjorde det vanskeleg å kome seg opp.

– Eg har hatt mange fantastiske turar på grunn av dette prosjektet. Eg har ikkje gått åleine, ein fotograf har alltid vore med og det har vore slekt og familie som har hjelpt meg, seier Kristina.

Når ho ramsar opp toppane startar ho med Grjotet, Lisje-Grjotet, Smogehornet, Nonshornet, Tretindenibba, Indreeidshornet, Fremste-Skorne, Midti-Skorne, Heimste-Skorne og Små-Skorne. Den lengste turen hadde ho saman med Merete Løvoll Rønneberg. Då gjekk dei på to toppar same dagen, Smogehornet og Nonshornet.

Ørstabunad
Det er mor til Kristina Anette Løvoll som kjem frå Ørsta og har Ørstabunad. Kristina sin bunad, som òg er ein Ørstabunad, er undervegs og er ferdig brodert av farmor, men ikkje ferdig montert enno.

– Når den tid kjem, skal den òg få lufta seg. Kanskje skal eg ta den med på Saudehornet i Ørsta, seier Kristina.

Etter å ha gjennomført sitt eige prosjekt «Tradisjon til topps» reknar Kristina Løvoll at ho vil kome på noko nytt å utfordre seg på i naturen.

Etter å ha gjennomført sitt eige prosjekt «Tradisjon til topps» reknar Kristina Løvoll at ho vil kome på noko nytt å utfordre seg på i naturen.

Mektig kjensle
Kristina seier det var utfordringa som fekk henne til å setje i gang dette prosjektet. Å stå på ein høg topp i bunad gav ho ein mektig kjensle, noko ho godt kan anbefale. Det har ikkje berre vore finvêrsdagar ho har stått på toppar. På facebook har ho lagt ut bileta og nokre av dei er skikkeleg dramatiske, til dømes på ei av Skorne. Ho seier det nesten er litt trist å vere ferdig, så kanskje kjem ho opp med eit nytt luftig, heftig og spennande prosjekt om ikkje lenge. Å bestige dei ti toppane rundt Eidsdalen og stå på toppen i bunad, det er det ingen som har gjort før ho.

Skuleelev
I dag går Kristina Marie Løvoll andre året på Spjelkavik vidaregåande skule. Det har vore ein travel haust, så sist helg var den fyrste ho var heime i Eidsdal berre for å slappe av dette skuleåret. Ho er engasjert i Heimevernsungdomen og har i haust vore på turar og på skytetrening fleire helger. Ho arbeider òg på Fjordsenteret i Geiranger i ledige stunder i formidlingsprosjektet der. I tillegg til alle dei utfordringane prosjektet har gitt ho, set ho òg stor pris på at ho har hatt familie og slekt å dele opplevingane med.