Skifolk frå heile fylket

Fellesstart gutar 11 år.

Fellesstart gutar 11 år.

Om lag dei same skiløparane møttest til dyst i Eidsdal laurdag og på Stavsengfjellet søndag.

Dette var det sjette og sjuande rennet i Sparebanken Møre-cup, som er kretsrenn. I Eidsdal på laurdag var det klassisk normaldistanse med individuell start.

Søndag arrangerte idrettslaga i Liabygda og Stordal det sjuande rennet på Stavsengfjellet med fristil normal og sprint fellesstart.

I tillegg var det eit sonerenn, der dei yngste deltakarane starta først og var som vanleg mange. Dei gjekk inn til mål med saft og premie.

Først gjekk dei ut puljevis i ulike årsklasser, etterpå var det a-, b- og c-finaler. Dette var i klassene frå 12 år og oppover.

Mange av våre lokale løparar gjorde seg godt gjeldande under rennet. Sindre Fylling frå Stordal vann klasse 11 år medan Jacob Overå frå Liabygda gjekk inn til ein sjuandeplass i same klasse. Ole Martin Stokke kom på åttande plass i klasse 12 år. I klasse 11 år var det tre jenter frå Valldal som stilte til start, Elida Fuglem, Silje Nerli og Emma Sofie Nybråten. Elin Mathea Myren gjekk inn til tredjeplass i klasse 12 år. Lone Lorgen Øvrebust vann klasse 13 år medan Olai Eide Stavseng frå Liabygda tok sjetteplassen i klasse 13 år. Eskil Linge Glomnes frå Valldal vart nummer tre i klasse 14 år medan Live Johanne Vestre Røkke tok førsteplassen i klasse 15 år. Vilde Lorgen Øvrebust vart nummer to i klasse 16 år og Andreas Hjelle frå Stordal nummer tre i denne klassa for gutar. Petter Elias Røkke frå Stordal gjekk inn til siger i klasse 17 år medan Kornelius Linge Glomnes tok førsteplassen i klassa over. Iver Matias Linge Glomnes vart nummer tre i klasse menn 19/20 år.