Rytmisk og sjarmerande akrobatikk vart utført av Remy og Andreas. Vart og vakkert spelte både Sinne og Josef på piano.
Det fortel litt om den store variasjonen mellom innslaga på Ungdommens Kulturmønstring (UKM) som gjekk av stabelen i Stordalshallen søndag 21. februar 2016.
Publikum kunne nyte dei tolv innslaga på utstillinga og gode kaker og kaffi både før det tok til og i pausa.
Utstilling
Den som hadde flest innslag på utstillinga var Jeanette Lien. Ho fortel at ho likar best å teikne, bildet ho hadde kalla “Tåre” var teikna med vanleg blyant, men ho stilte også med akrylmåling. Ho har alltid likt å både måle og teikne, no går ho andre året på restaurant- og matfag ved Stranda vidaregåande skule. I tillegg til “Tåre” hadde Jeanette også bilde kalla “Skogen”, “Dame”, “Muffinsar” og “Høne”.
Eirin Renate Reite Wiik stilte med to bilde, ei svart/kvit-teikning ho hadde kalla “Rihanna” og “Auge”, eit måleri i akvarell. Isak Tafjord hadde skore ut eit blad i tre og gitt det fargar under tittelen “Trebladet”. Kaisa Nyli Johnsen hadde laga ei artig teikning av “Hamburgeren” medan Elias Stavseng hadde levert inn teikneserien “Mefs på tur”. Nora Holtleite hadde måla ein “Pianokatt” medan Regine Jacobsen Dyrkorn stilte med eit flott og spesielt fotografi ho hadde kalla “Winter Wonderland”.
Humør
Dei to programleiarane frå arrangøren tiande klasse, Mathias Hauglid Tafjord og Karita Tronstad, kunne ønskje dei mange frammøtte velkomne og introduserte juryen som var sett saman av Marianne Ravn Stavseng, Mats Rune Larsen og Ann Karin Rudi.
Showet frå scena starta med to blide jenter, Mariell Hove Busengdal og Paula Løset Skodjereite, kalla seg Terningkast 2 og framførte dansen “I’m an Albatroz”. Så var det klart for det første pianoinnslaget, Sinne Eisma framørte Michael Nyman sin melodi “The heart asks pleasure first”.
Herdis Kamp var med på to innslag frå scena, først song ho åleine “Faded” av Alan Walker. Etter pause song ho saman med Marina Rønning “Lost boy” av Ruth B.
Josef K. Nedregård, ein ti år gammal gut som programleiarane opplyste flytta til Dyrkorn for vel eit år sidan, hadde to melodiar å by på ved pianoet, “Alvedans” og “Vektersang”, begge komponerte av Edvard Grieg.
Før pause vart Laurent Mupenda introdusert som eit sprettent innslag i bygda, han dansa ein hip hop-miks.
Inntekter
Tradisjonen tru er det tiande klasse ved Stordal skule som arrangerer UKM. Dei nytta pausa til å skaffe seg inntekter til turen til London i starten av april. Lodd og kaker gjekk unna, og det var ei lang liste med gevinstar som vart trekte.
Etter at Herdis og Marina hadde opna med eit roleg innlsag etter pausen, braka det laust med to unge gutar. Andreas Færøy Stavseng og Remy Nyli Johnsen hadde sett saman eit artig program, der dei både dansa og gjorde akrobatiske øvingar til musikk, og ikkje minst til trampeklapp frå publikum, som likte det humørfylte innslaget.
Karita Tronstad song “One call away” av Charlie Puth før bandet Safehouse avslutta det heile med “Can’t feel my face” med Amalie Hove som vokalist. Dette bandet er allereie vidare til fylkesmønstringa etter at dei hadde delteke på UKM andre stader. Dei som er med i tillegg til Amalie er Andreas Siem, Andreas Vidhammer, Tor Egil Sjøholt og Trygve Walbø.