Inspirerande songfellesskap

Siste øving før fyrste konserten og det ein del som skal terpast på. Tilretteleggjar og motivator Maria Holand Tøsse er høgt og lavt med engasjementet sitt.

Siste øving før fyrste konserten og det ein del som skal terpast på. Tilretteleggjar og motivator Maria Holand Tøsse er høgt og lavt med engasjementet sitt.

19 damer starta opp kor i Stordal for seks månader sidan og sidan den gongen har Maria Holand Tøsse inspirert og motivert. Denne veka står dei på scena i grendasalen i Stordal og held sin første konsert som Big Valley Voices.

Sist søndag hadde koret ei utvida øving og dei heldt hus på frivilligsentralen i sentrum av Stordal.

På scena
Dei står i ein stor sirkel og syng og frå høgtalarane strøymer det musikk. Tilretteleggjar og motivator Maria er i kontinuerleg rørsle og held trykket og engasjementet oppe ved å illustrere og overdrive.

No er gruppa litt spesielt opptatt av korleis det skal gå på deira første konsert. Maria har gjort slikt før og har mange gode råd å kome med. Ho vil dei skal opne opp, sleppe seg laus og få det ut. Ho er energisk og smittande, alvorleg og spøkefull.

– Det er ingen som gløymer at dokke står der, sjølv om dokke gjer det sjølve. Vi må bakke opp kvarandre, vise at vi kosar oss, seier Maria om den komande konserten.

Det vert gjort klart til neste song, Dacsing Queen skal jublast ut og Maria dempar lyset og kjem med klare oppmodingar i det ho marsjerer mot startknappen.

– No har vi det gøy folkens! Nyt det damer, ver songen og ikkje dokke sjølve.

 

Breitt repertoar
Vanlegvis øver dei måndagar, men etter juleferie og ein komande konsert, møttest dei sist søndag til ei utvida øving. Dei skal synge 12 songar og ein av dei er ei samling av somgar frå store musikalar. Det var noko av det fyrste dei starta å øve på, det materialet kjennar dei godt, det er lett å merke kraft og humør. Repertoaret har eit stort spenn og dei er innom mange sjangrar og typar musikk. Medan lokalavisa var til stades fekk vi høyre Anne Grete Preus, Vamp, Bon Jovi og Abba. Repertoaret har dei demokratisk sett saman.

Sosial funksjon
Det var på oppmoding frå damer som hadde lyst å starte kor, Maria Holand Tøsse vart kontakta. Ho var skeptisk til det i starten, fordi ho ikkje har dirigentutdanning og er allergisk mot notar, men etter å ha snakka med kordamene, der ho fekk stadfesta at ho kunne gjere det på sine eigen måte, takka ho ja. Sist søndag hadde dei laga litt ekstra god mat til pausa. Koret har òg ein sosial funksjon og damene er ikkje seine med å kome på gode grunnar til å yte litt ekstra. Før jul var ei av øvingane nærast som eit julebord å rekne med god mat, kostymer og song sjølvsagt.

Big Valley Voices
Etter seks månader er dei no klare for å halde sin fyrste konsert og det viktige for damene i Big Valley Voices er å ha det kjekt. Namnet har dei valt for å ikkje legge avgrensingar på kor langt dei har tenkt å nå i tillegg til å syne at humoren ikkje er langt unna. Gleda og lysta til å halde på med song saman er drivkrafta.

– Med å halde konsertar vert vi meir skjerpa og får kjenne på det å skulle prestere. Det vi held på med er bra og det skal vi vise på konserten denne torsdagen, seier Maria Holand Tøsse.