Film på Fredheim

Neste veke kjem det to filmar til Fjørå og ungdomslaget håper folk frå alle bygder vil nytte seg av tilbodet. Desse er i alle fall klare for kinoframsyning. Frå venstre Veronica Valdal, Katrine Hasund. Mari Ruseth, Rune Hasund Eliassen, Tove Maude og Albert Ruset-Moland

Neste veke kjem det to filmar til Fjørå og ungdomslaget håper folk frå alle bygder vil nytte seg av tilbodet. Desse er i alle fall klare for kinoframsyning. Frå venstre Veronica Valdal, Katrine Hasund. Mari Ruseth, Rune Hasund Eliassen, Tove Maude og Albert Ruset-Moland

Bygdekinoen godkjende lokala på ungdomshuset i Fjørå så no vert det kinoframsyningar på Fredheim allereie neste veke.

Det er Solberg ungdomslag som skal drive kinoen og alt arbeidet er dugnadsarbeid. Dei vil skape ein positiv møteplass og fleire aktivitetar på ungdomshuset.

Fredag i neste veke kjem Bygdekinoen til Fjørå og filmane som skal visast er Madagaskarpingvinene og The Imitation Game. Gjengen frå ungdomslaget som er på Fredheim og syner lokalavisa lokala er begeistra og gler seg. Ungdomslaget fekk 18 stolar frå Union Hotell for ikkje lenge sida, og desse vert dei 18 VIP-stolane som dei som kjem først får nytte. Kiosk skal dei sjølvsagt ha og når det visast barnefilmar kan dei vakse opphalde seg i lokala i første etasje.

– Vi håper folk vil nytte seg av tilbodet, og sjå film i lag i ein liten og intim kinosal, seier Gro Marita Stennes.

Dei vil nytte facebook og plakatar for å informere om filmane som kjem. På landsbasis har besøkstala gått opp for Bygdekinoen og dei håper dette er ein trend som vi forsette.

Alle inntektene frå kinodrifta skal gå til huset og etter ein prøveperiode på seks månader vil dei finne ut om dei skal forsette med kinodrift.

– Vi skal ikkje leike butikk, tener vi ikkje pengar på drifta legg vi den ned, seier Gro Marita Stennes.