Produktiv happy verkstad

Magne Bjørnerud og kona Tone Gerd Bratland heldt i trådane og var godt nøgd med arbeidet dei to dagane i Norddal.

Magne Bjørnerud og kona Tone Gerd Bratland heldt i trådane og var godt nøgd med arbeidet dei to dagane i Norddal.

Fredag og laurdag var alle som ville inviterte til verkstad, for å vite kva veg ein skal velje framover.

The Happy End (THE) i Norddal hadde tromma saman til bygdeverkstad der ein både skulle sjå på kva THE skal vere i framtida og i kva lei bygda skal gå. Det vart to dagar med mykje jobbing, mykje latter og moro.

Godt, dårleg, draum
Kva som er dårleg med Norddal og THE skulle listast opp, det same med det som er bra – i tillegg til ein draum for framtida. Deltakarane vart delte inn i fire grupper, og det var gruppene som arbeidde med dette. Det som kom fram her, skulle nyttast som byggjeklossar til å lage handlingsplanar for næringsutvikling, Petrines, grøn bygd og tilrettelegging av turaktivitetar. Kva skal gjerast, korleis skal det gjerast, kven skal gjere det, når skal det gjerast, kva skjer i sjøen er der og kva kan gjerast for å overvinne dei.

Mange tankar og idear flaug over borda, nokre av dei vart gripne fatt i og sett ned på papiret og enkelte av desse igjen vart knadd og tygd litt på – og tekne med i handlingsplanane til dei ulike gruppene.

Godt gått
Grøn bygd-gruppa hadde mange spenstige idear, som til dømes noko dei kalla ”godt gått”. At ein vel å gå i staden for å køyre – til butikken, til og frå barnehagen og andre stader og at dei som har ”gått godt” kan vere med på trekking av premiar kvart år. Elles er Grøn bygd eit prosjekt som allereie er der, det er eit prosjekt under Grøn fjord – og stiftinga Paktarstova har hand om dette. Kan hende kan Norddal bli ei pilotbygd for Årim med omsyn til renovasjon?

Meir bruk av elbilar, elsyklar og anna var også eit tema. Dessutan er det stor ladepunkttettheit i bygda, og det må på eit vis marknadsførast. Og så var dei opptekne av at det skal vere lov å seie ja takk til litt deltaking og nei takk til mykje, dersom det er det som passar best.

Tur- og aktivitetsgruppa tenkte i stor grad tradisjonelt, med betre merka og skilta turar, betre rydda råser – i tillegg til sykkelturar. Songkveldar, karaoke, aktivitetskart er berre noko. Men dei var klare på at alle turane i bygda må inn på morotur.no.

Gruppa som hadde emnet generell næringsutvikling, ville satse på å styrke landbruket i bygda, å etablere eit nav for sal, marknadsføring, distribusjon og merkevarebyggjing – med varer frå bygda i fokus. I tillegg ønskjer dei å sjå på mulegheita for eit felles produksjonsanlegg/foredlingsanlegg for det som vert produsert i landbruket, både kjøt og frukt og bær – i tillegg til vilt og fisk.

For Petrines er målsettinga at ein om nokre år skal ha heilårsdrift og jobb til fleire. For å greie det, må ein nå ut i verda med kva Petrins er. I tillegg må ein finne ut av kva folk eigentleg vil ha når dei er på besøk på Petrines og i bygda. Ein smak av Norddal. Marknadsføringsplanar skal lagast for å nå både bedriftskundar og offentlege organisasjonar. Silje Karolin Kleiva Krohn foreslo å bruke sosiale medier som til dømes Instagram for å få bilete og info om plassen ut i verda. Ho meiner det er ein betre veg å gå enn å bruke ei traurig heimesida der ingenting nytt skjer.

– Mykje å byggje vidare på
Dei to som heldt i trådane under verkstaden, Magne Bjørnerud og kona Tone Gerd Bratland, var særs nøgde etter dei to dagane med arbeid.

– De har vyer, tenkjer stort men likevel konkret. Her er det mykje med potensial, konkluderte dei.

Bjørnerud har mange års erfaring frå prosessleiing og organisasjonsutvikling og har vore mykje nytta som rådgjevar og prosessleiar i offentlege utviklingsprosjekt. Han er ein engasjerande fyr med eit humør som smittar over på alle som er med og skal meine noko.

Styreleiar i THE, Peter Melchior, syntest det var bra at både eldre og yngre, heiltids- og deltidsnorddalingar var til stades. Han var klar over at mange har mykje å drive med kvar for seg og med prosjekta dei har gåande i bygda, og syntest det ville vere fint om fleire kunne engasjere seg litt.

– Siste året har vore eit positivt år, og det er mykje å byggje vidare på, avslutta han før folket vende nasen heimattover.