Vassrøyr sprang lekk

Almstad Minimaskiner var raskt på staden med gravemaskin søndag kveld og måndag kom Busengdal Transport med kum som skulle settast på plass. Stordal kommune sine folk arbeidde til problemet var løyst, halv eitt natt til tysdag.

Almstad Minimaskiner var raskt på staden med gravemaskin søndag kveld og måndag kom Busengdal Transport med kum som skulle settast på plass. Stordal kommune sine folk arbeidde til problemet var løyst, halv eitt natt til tysdag.

Sist søndag sprakk eit vassrøyr i leidningsnettet til Stordal kommune i Hovslia.

Arbeidet med å rette på feilen starta same dag. Lekkasjen vart lokalisert, gravemaskin rekvirert og måndag litt ut på dagen var dei klare til å skifte røyret.

Til vatnet kjem att
Leidningsnettet her er PVC-røyr med dimensjon 160 millimeter og vart lagt ned tidleg på 1970-talet. Då lokalavisa var på staden måndag var dei i ferd med å sette på plass ein kum.

– Vi plasserer ein kum og set ein ventil på vassleidninga for å ha mulegheit til å stenge ved behov, seier Petter Aksel Kirkebøe i Stordal kommune. På spørsmål om når dei reknar med at vatnet er attende til dei råka abonnentane, seier Kirkebøe at dei held på til problemet er løyst og han rekna med det vert natt før dei er ferdige.

Barnehagen
Då dei skulle opne Andershaugen barnehage måndag morgon, var dei i tvil om korleis dei skulle løyse vassproblemet.

– Det er ikkje heilt enkelt å drive barnehage utan vatn, seier styrar Diana Helland. Dei to avdelingane med dei eldste borna fekk dei plassert på Frivilligsentralen. I samråd med etatsleiar og rådmann valde dei å stenge barnehagen for dei to minste avdelingane.

– Vi kan drive utan vatn i ein kort periode, men når det vert ni timar med mange små born som skal vaske seg og på do, då går det berre ikkje, seier styrar i barnehagen.

Vatnet kom attende i halv eitt tida natta, ikkje med fullt trykk, men nok til å greie seg tysdagen.