Carl A. Hoel, Hoel-sakene og ”New Home”

I Storfjordnytt  26. februar 2015 står ein tekst om Gjert-Karl frå Gjertgarden i Ytterdal . Ein song om Norddal, henta frå eit postkort og underskrive Carl, vert knytt til Gjert-Karl. Samstundes spør Kaspar Eide om opplysningar om New Home på Sylte.

Feiring i Negarden på Hoel, då Ingebrigt Hoel, nevø av Carl, fekk Kongens Fortenestmedalje i 1939. Carl står heilt til høgre.

Feiring i Negarden på Hoel, då Ingebrigt Hoel, nevø av Carl, fekk Kongens Fortenestmedalje i 1939. Carl står heilt til høgre.

Gudmund Hoel , Ålesund 
Anne Ragnhild Hoel, Oslo

Det er Carl A. Hoel som har skrive songen, og som bygde huset New Home. Han var yngste bror til vår oldefar Ingebrigt Hoel (1845-1927), som var bonde i Negarden på Hoel. Carl (eller CA som han også er kalla i familien) fekk eit dramatisk og uvanleg livsløp. Han vart fødd i 1865 og dreiv som ung sagdrift ved Hoelsfossen.

Han skal ha vore ein av dei første som skaffa seg sykkel i Valldal. Etter kvart ville han ut i verda. I ein diskusjon med mora, som meinte han skulle halde seg heime, skal han ha sagt: ”Eg reise mor, om eg skal gå med betlar-staven over alle fjell”. Han ville bli møbelsnikkarmeister, og gjekk i lære i Bergen, København og Berlin.

I 1899 etablerte han seg med verkstad og læregutar i Bergen, og gifta seg med Marie Jeppesen frå ein respektabel familie i København. I 1903 brann bygarden dei budde i. Carl vart mistenkt for mordbrann og dømt til 13 år i fengsel. Kone, familie, slekt og vener var i sjokk. Storebror Ingebrigt var sikker på at dette var eit justismord og arbeidde utretteleg for å få saka opp på nytt.

Ei søster, Marie Faye, som budde i Sør-Afrika, kontakta både kong Oscar II og Bjørnstjerne Bjørnson om saka. Carl sona åtte år på Akershus festning, slapp ut i 1911 og slo seg ned som snikkarmeister i Kristiania. Seks år seinare kom endeleg saka opp på nytt, etter at den kjende advokaten og Venstrepolitikaren Birger Stuevold-Hansen hadde engasjert seg. Det enda med full frifinning og erstatning, først 7000 kroner, sidan i tillegg 100 000 kroner løyvd av Stortinget – ein svært stor sum i 1918.

Det var no Carl sette kursen heim til Valldal, kjøpte ei stor tomt på Sylte og bygde i 1919 ein stor toetasjes, herskapeleg villa som han kalla New Home. Huset vart innreidd med kostbare stilmøblar og to piano. Marie var en habil pianist. Heile kjellarhøgda var snikkarverkstad og han produserte dyre, handlaga stilmøblar. Han tok etter kvart også inn nokre sommargjester i det rømelege huset. ”New Home” malte han på fasaden.

Carl var litt av ein eksentrikar, med eit skiftande lynne og ustabilt humør. Mot nokre var han snill og venleg, mot andre mistenksam og urettvis. Kanskje hadde åtte år på Akershus sett sine spor? Han hadde lett for å skaffe seg uvener. Carl var ingen populær mann på Sylte den dagen i 1929 då han og Marie reiste med rutebåten til Ålesund og det tok til å brenne på loftet i New Home. Brannen vart tidleg oppdaga og raskt sløkt, men Carl vart tiltalt for eldspåsetjing og assuransesvik. Han vart i 1931 dømt på nytt, men sona aldri domen på 18 månader.

Marie var no trøytt av både ekteskapet, alle påkjenningar og livet under Syltefjellet, og reiste attende til København for godt. Ho fortalde i ettertid at ho hadde hatt det vanskeleg i eit framandt miljø i Valldal, der ho aldri snakka anna enn dansk. Paret var barnlause, og ifølgje Marie tok ikkje Carl alltid sitt ekteskapsløfte så alvorleg.

På 30- og 40-talet prøvde Carl fleire gonger å få saka opp att. Ein kriminalreporter frå Aftenposten engasjerte seg i 1948, og fekk to erfarne pensjonerte kriminaletterforskarar og ein ingeniør ved Kriminallaboratoriet til å gjere nye undersøkingar og avhøyr i Valldal. Dette førte til slutt til ny rettssak i 1951, som enda i full frifinning for andre gang, og ei erstatning på 29.000 kroner. Carl var no 86 år gammal.

Carl A. Hoel var lokalhistorisk interessert og arbeidde i mange år for å reise eit større monument over St. Olavs ferd gjennom Valldal i 1029, utan å kome i mål med dette. Han var òg ein ivrig skribent, og gav i 1940 ut heftet ”Gamle minner om Svundne tider i Valldal”. Han let etter seg kassevis med handskrivne manus med lokalhistorisk innehald, både sakprosa og høgstemte vers som priste heimbygda. Dessverre er alle hans historiske arbeid meir eller mindre verdilause. Han blanda nemleg viktig kunnskap han sjølv hadde frå Valldal på 1800-talet med grove overdrivingar, usanningar og lån frå andre kantar av landet.

Carl selde New Home til Helselaget i Norddal etter krigen, og budde sine siste år på Hoel fram til han døydde i 1954. Den som vil lese meir om CA Hoel, finn ein fyldig omtale i boka til Peder Hoel – ”Ei Valldalsslekt gjennom 250 år” (1986). Hoel-sakene er rekna blant Noregs mest kjende justismord og er blant anna omtalt her:  http://no.wikipedia.org/wiki/Hoel-sakene 

Postkort av New Home, truleg på 1920-talet. Motivet er gjenfotografert av Oskar Puschmann, Norsk institutt for skog og landskap, i 2012. Fjellro Turisthotell har sidan 1985 vore drive av Eli Linge og Michael Boatwright.

Postkort av New Home, truleg på 1920-talet. Motivet er gjenfotografert av Oskar Puschmann, Norsk institutt for skog og landskap, i 2012. Fjellro Turisthotell har sidan 1985 vore drive av Eli Linge og Michael Boatwright.