Arena Overøye har no lagt bak seg den beste driftssesongen sidan selskapet vart stifta. Dette gjeld både for økonomisk driftsresultat og publikumsbesøk. Sesongen vart opna 20. desember 2014 og vart avslutta 12. april 2015.
Alle trekka har gått jamt og trutt, og ver- og snøforhold har vore laglege stort sett heile tida. 7. februar var topptrekka stengde på grunn av uver, men dette er også den einaste driftsstansen som er notert av den grunn. Kristian Almås fortel at skisenteret har følgt dei vanlege opningstidene og dessutan halde ope også i vinterferien, påskeferien og mange dagar då skular har avvikla sine skidagar.
Arena Overøye disponerer godt og driftssikkert teknisk utstyr, og alle kan sjå tilbake på ein god sesong utan alvorlege ulykker av noko slag. – Arena Overøye vil takke alle brukarane for ein flott sesong. Takka går også til dugnadsgjengen, sponsorar og andre som har hjelpt til med å halde anlegget i gang, seier Almås.