Ut på tur med StikkUT!

 

Leiar i Friluftsrådet for Ålesund og omland, May Britt Haukås saman med folkehelsekoordinator i Norddal kommune, Kristi Linge Stakkestad. Saman ønskjer dei at folk skal kome seg meir ut.

Leiar i Friluftsrådet for Ålesund og omland, May Britt Haukås saman med folkehelsekoordinator i Norddal kommune, Kristi Linge Stakkestad. Saman ønskjer dei at folk skal kome seg meir ut.

Neste veke startar tursesongen for fullt, og leiar av Friluftsrådet for Ålesund og Omland håper at folk gjennom ”Stikk ut” får lyst til å gjere nettopp det, å kome seg ut.

Folkehelsekoordinator i Norddal kommune, Kristi Linge Stakkestad, fortell at ein i Norddal kommune snart går i gang med både sykling til jobb, i tillegg til at ho sjølvsagt oppmodar både kommunalt tilsette og alle andre til å vere med på ”Stikk ut” Å ta sykkelen fatt framfor bilen, er noko alle dei kommunalt tilsette vert oppmoda om å gjere. Linge Stakkestad fortel at dei som bur slik til at det vanskeleg lar seg gjere å sykle, kan gå ein tur i staden. ”Stikk ut”-sesongen startar 1. mai, altså neste veke, og varer ut oktober.

”Stikk ut” er noko som Friluftsrådet for Ålesund og omland organiserer. Det er eit samarbeid mellom dei ni medlemskommunane i friluftsrådet og det frivillige. May Britt Haukås, leiar i Friluftsrådet for Ålesund og omland, fortel at det per no er registrert 83 turar i dei ni kommunane.

– Det er førebels sett eit tak på maks ti turar i kvar kommune, seier ho.

I følgje dei to damene skal det vere turar for alle, alt frå lette (grøne og blå) til dei meir krevjande (raude og svarte). Turane skal vere til for alle – frå dei med barnevogn, til dei med rullator. Dei grøne turane er for alle, dei blå skal vere overkomelege for dei fleste, dei raude er krevjande og dei svarte turane dei aller mest krevjande.

For kvar tur ein går kan ein sanke poeng, det gjer ein ved å registrere ein kode på nettet. Då må ein laste ned morotur-appen.

– Om det ikkje er mobildekning der posten er, berre noterer du deg koden og sender inn når du kjem heim, seier Haukås. I tillegg fortel ho at dei legg opp til at ved sju eller fleire registrerte poeng, har ein høve til å kjøpe seg ein fin premie.– Det skal vere ei lita ekstra gulrot, seier ho. Ideen med ”Stikk ut” er at uansett om ein går ein svart tur eller ein grøn tur. så tel turane akkurat likt. Ein tur er ein tur og gir eitt poeng.

Gjer noko med oss

Leiaren i friluftsrådet seier det gjer noko med oss når vi kjem oss ut.

– Det er lukter, lydar, vi har tid til å sjå og kjenne på ting, seier ho.

Poenget med ”Stikk ut” er å motivere og leggje til rette for at flest muleg av oss skal kome oss ut på tur. Det er heller ikkje om å gjere å alle til fjellgeiter.

”Stikk ut” vart starta i Molde i 2005. Eit turregistreringsprosjekt i regi av Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal vart det i 2009, og vart raskt svært populært. No håper leiaren av Friluftsrådet, May Britt Haukås at det skal bli like populært her. For å kunne registrere turane, må ein laste ned den gratis morotur-appen til Møre og Romsdal fylkeskommune, i tillegg til at ein må registrere seg som ”Stikk ut”-deltakar på friluftsrådet sine nettsider.

Turane

”Stikk ut”-turane i Norddal kommune i år er: Tretindanibba (svart), Kallskaret (raud), Mefjellet (raud), Lilleåsskagen-Storåsnakken (blå), Muldal (blå), Vardefjellet (blå), Brekkevatnet (blå), Steindalsstølen (grøn), Kilstisætra (grøn) og Gudbrandsjuvet-Grønning (grøn) – turvegen langs elva er spesielt for dei med hjul.

I Stordal kommune er turane Jasvollbotn (grøn), Mebusætra (blå), Mosætra (blå), Varden (blå), Overøye-Storvasshytta (grøn), Jolbotnen/kleiva, Vikahornet, Svartevatnet, tursti langs Stordalselva (grøn).