Ei samling om våren har korpsa i Norddal hatt kvart år og dette året var korpsa i Stordal og Stranda òg inviterte.
Sist laurdag og søndag var det stor aktivitet på samfunnshuset i Valldal. Dei starta allereie klokka ti laurdag med fellesøvingar på instrumenta sine før dei skulle ta til med marsjtrening litt seinare.
Aspirantane
Aspirantane var inviterte og dei sette stor pris på å få vere ein del av korpsmiljøet under ei slik øving. Tidlegare år har det vore øving på instrumentt og sosialt elles, men denne våren var det i tillegg marsjtrening med Erlend Ona Gjul. Han har militær bakgrunn og fekk fort kontroll over både unge og gamle musikantar. Korps er opphavleg ei militæreining og instruktøren var godt nøgd med både innsats og tolmod hos dei unge musikantane.
Korpskafé
Søndag skulle det vere oppvising og korpskafé, men før den tid kunne dei som ville, lære meir om korleis kulturskulen fungerer og kva den kan tilby.
– Det kunne sjølvsagt vore fleire, men dei som møtte opp fekk sjå kva vi driv på med i kulturskulen og alle dei instrumenta det vert gitt opplæring på i tillegg til song og dans, seier Anders Jørgen Gjerde.
Oppstilling
Alle som kom køyrande i bil til korpskafé søndag, vart dirigert til parkeringsplassen bak samfunnshuset av flittige og hjelpsame korpsmusikantar. Plassen på framsida skulle nyttast til marsjoppvising. Klokka nærma seg fire og instruktør Erlend Ona Gjul inntok plassen og gjorde publikum merksame på kva som skulle skje. På signal strøymde korpsmusikantane fram og fann fort plassane sine og på litt over 20 sekund var alle på plass. Korte kommandoar vert gitt og marsjen var i gang. Dette synest koprsmedlemmane hadde vorte kjempekjekt og i tillegg kom sola og kasta meir glans over nummeret. Då marsjen var over trekte alle innandørs til fellesnummer, kaffi og herlege kaker. Valldal hornmusikklag var vertar og tok hand om det meste denne helga.
Kvar si avdeling
Programmet gjekk stort sett i eitt og Eidsdal musikkorps, Valldal skulekorps og Valldal hornmusikklag hadde kvar si avdeling med musikk. Kaffi og kaker kunne folk kose seg med samstundes og lodd var det òg muleg å få kjøpt.
Linda Myren frå Sparebanken Møre kom smilande inn i programmet og delte ut 20.000 kroner til kvart av dei tre korpsa i Norddal kommune.
Etter om lag 20 sekund var alle på plass i snorrette rekkjer og marsjen kunne byrje.