Knekte trommestikke med grabben

Per Kjell og Sindre Holtleite ved den åtte meter lange trommestikka dei har laga av ei gran.

Per Kjell og Sindre Holtleite ved den åtte meter lange trommestikka dei har laga av ei gran.

– Eit perfekt knekk, var kommentaren til Elida Brenna Linge då Bjørn Busengdal sat i gravemaskina og knekte ei åtte meter lang trommestikke.

Bjørn Busengdal i gravemaskina gjorde jobben gratis, og ville sponse kunsten på denne måten.

Bjørn Busengdal i gravemaskina gjorde jobben gratis, og ville sponse kunsten på denne måten.

Denne heilt spesielle hendinga har ei forhistorie. Camille Norment er ein norsk-amerikansk lydkunstnar. Ho er for tida i Venezia for å representere Norge på biennalen. Tidlegare har ho hatt eit arbeidsopphald i atelieret til Elida på Linge som ein av kunstnarane i prosjektet Vinteratelier/Hansplassen. 8. mai opnar ei utstilling på Kube i Ålesund, der alle kunstarane som har vore med på prosjektet skal bidra.

Camille Norment sitt bidrag er ei åtte meter lang trommestikke som er knekt eit stykke innpå. Elida tok på seg jobben med å få installasjonen gjennomført i praksis.

To lokale handverkarar har vore svært hjelpsame. Karl Løset ved Løset Mekaniske har laga ei klype i jern som stikka skal festast i. Per Kjell Holtleite har laga sjølve trommestikka, av ein ikkje heilt bein granstokk klarte han å dreie ei åtte meter lang trommestikke med ein tapp i enden.

Kunstnaren ønskte at trommestikka skulle vere knekt nokre meter inn frå tjukkaste enden. Kanskje let ho seg inspirere av Dagmar sine herjingar i skogen. Så var spørsmålet korleis det skulle gå føre seg. Busengdal Transport AS fekk spørsmålet og Bjørn Busengdal stilte med gravemaskin. Han sette skjeret på punktet der det skulle knekkast og drog i enden av stikka med grabben. Knakk, sa det.

Busengdal kalla dette ein kjekk og ikkje så vanskeleg jobb, endå han ikkje tok betaling for det.

– Ein må sponse kunsten av og til, sa han med eit smil.

– Eg er så fornøgd med dei lokale handverkarane, dei har vore så positive. Det skal godt gjerast å finne nokon som kan gjere slike spesielle jobbar, dei har vore grundige og nøyaktige og minst like pirkete som meg, seier Elida, som sjølv skal vere med på utstillinga i Ålesund.