Stor interesse for senioraktivitetar

Leidulf Tafjord, Inger Johanne Tafjord, Ingrid Storås og Berit Engeset Sperre var fire av dei til saman 16 personane som var til stades på 55+-møtet denne veka.

Leidulf Tafjord, Inger Johanne Tafjord, Ingrid Storås og Berit Engeset Sperre var fire av dei til saman 16 personane som var til stades på 55+-møtet denne veka.

Ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, er det noko som heiter – og aktivitetar kan ein lage til sjølv.

Det er tydeleg at det er eit behov for å finne på aktivitetar også for gruppa som er frå kring 55 år og oppover.

Jorun Løvoll ønskte alle dei frammøtte vekomne og fortalde at ideen bak møtet var å sjå om ein kan kome saman og finne på noko i lag. Møtet denne veka hadde som føremål å samle idear og kan hende kome i gang med noko.

Om det ikkje akkurat bobla over av idear, så var det likevel litt som vart kasta fram som mulege aktivitetar, til dømes var nokon som sakna julebord ”slik det var før”, eller å ha nokon å gå tur saman med, bygdafest, bocciaturnering eller grillkveldar. Etter kvart vart det ganske mykje initiativtakarane kunne notere på blokka si.

Nettverk i Røde Kors
Gjertrud Melchior fortalde om seniorsatsinga til Røde Kors og lurte på om ikkje dette tiltaket naturleg kunne høyre inn under dette. Røde Kors sette i gang med seniorsatsinga fordi det er mange i aldersgruppa som dett ut av aktivitetar – anten er dei ”for gamle”, eller så er dei ”for unge”.

– Tanken bak seniorsatsinga er å lage eit nettverk ein kan nytte seg av, sa ho og forsikra om at sjølv om 55+-gruppa er eit Røde Kors-nettverk, så treng ikkje dei som deltar vere det.

– Uansett, om de vel å vere eit slikt nettverk, så har dykk ein stad å vere – gratis. I tillegg er de faktisk forsikra når de er med på aktivitetar saman med nettverket, og det gjeld også dei som ikkje er medlemmar, fortalde ho.

Dermed vart det nikka rundt bordet når spørsmålet vart stilt – og 55+-gruppa er eit nettverk i Eidsdal-Norddal Røde kors.

Startar med tur
Andre aktivitetar som var nemnde, var turgåing, gjerne på ”gamle vegar” der ein ikkje går til dagleg – gjerne saman med ein turguide slik at ein kan lære litt også. Så har det vore ytra ønske om bakedag før jul, trimdans og grillkveld.

– Men vi kan starte med å gå tur, vi er nøydde til å vere ute på denne tida av året, sa Inger Johanne Tafjord. Dermed vart det bestemt at første turen vert 18. mai der dei som vil og kan møtest ved Eidsdal skule og så går turen framover, til Brisesletta og vidare til Veiberg. To veker etter det, er ein ny tur planlagt – denne gongen i Norddal

– Hugs at det er det sosiale, det å vere i lag, som er det viktigaste, ikkje tur i seg sjølv, minte Gjertrud om.

Av andre aktivitetar som vart nemnde, var å reise på tur for å lyse etter krabber og ikkje minst, Wenche vil arrangere bygdafest med berre seionarar på scena.

– Eg har mange programpostar klare allereie, avslutta ho.

Det var også semje om at det blir laga ei facebookside for 55+, og her skal folk kunne følgje med på kva som skjer og når det skjer, kome med framlegg til aktivitetar og mykje anna. Alle som har lyst til å vere med å gå i lag, er velkomne til det.