– Stort

 

Tore hadde med seg familien til opninga, og særleg dottera Frances hadde ein stor likskap med bestemor si, Klara, som Ytterdal naturleg nok ofte nytta som modell.

Tore hadde med seg familien til opninga, og særleg dottera Frances hadde ein stor likskap med bestemor si, Klara, som Ytterdal naturleg nok ofte nytta som modell.

Det meinte Thore Ytterdal om utstillinga med faren sine måleri som vart opna.

Kunstustilling var det på fjorårets Eidsdalsrøre, og kunstutstilling vart det i år og, denne gongen med ein kunstnar ein sjeldan ser utstilt, langt mindre til sals. I år er det 125 år sidan eidsdalskunstnaren Ole T. Ytterdal vart fødd, og Jan Olav Hesthaug opna utstillinga ved å kalle utstillinga ei minneutstilling. 60 bilete var stilte ut på Ferdinand, det var 60 bilete frå ulike epokar. Seks av bileta var til sals.

Utstillinga spente vidt, både med omsyn til motiv, men også med omsyn til fargebruk, teknikk og anna – frå det dystre til det lyse og lette.

I velkomsttalen sa Hesthaug at dette er den største utstillinga med Ytterdal sidan utstillinga i Ørsta i 1980.

– Kva er god kunst, spurte Hesthaug i opningstalen. Svara på det er like mange som det er personar, for god kunst for ein treng ikkje vere det for ein annan. Hesthaug svara på sitt eige spørsmål med at god kunst må vere kunst som berører ein, på ein eller annen måte. Og nettopp det meinte han at Ole Ytterdal sin kunst gjorde med bygdefolket, berørte dei, folk har kjent seg att i bileta, i motiv og i stemningar og prioriterte å bruke pengar på slikt.

Sonen Thore Ytterdal som i august fyller 94, syntest det var stort å sjå så mange av bileta til faren samla. Og sjølv om han ikkje er så flakkfør lenger, så var Tore til stades laurdagen også. Imponerande!

Mange hadde møtt opp for å vere med på opninga av utstillinga, og skal ein tru kommentarane rundt om på Ferdinand denne kvelden, var folk imponerte over ikkje berre kunsten, men også at arrangøren har fått samla så mange bilete. Storfjordnytt gjekk seg på Elida Linge som sjølv er kunstnar, og ho syntest utstillinga var interessant.

– Det er stort spenn i det som er utstilt, meinte ho.

Då Eidsdalsrøre vart avslutta laurdag ettermiddag, var det tid for å sjå kven som stakk av med dei seks bileta som var til sals. Startprisen på dei seks bileta var det lite å seie på, men dei gjekk for langt høgare summar – og dei som hadde sikra seg ”ein Ytterdal” var storleg nøgde med det.

 

Ole T. Ytterdal

  • (1890-1971)
  • Frå Ytterdal i Eidsdal – budde der mesteparten av livet
  • Nest eldst av fem søskjen
  • 1906 – elev ved ”Den kongelige Tegneskole” i Kristiania
  • 1908 – studerte ved kunstakademiet Académie Colarossi i Paris
  • 1910 – student ved Statens Kunstakademi
  • 1913 – debuterte på Statens Haustutstilling, den siste og tiande gongen han var representert på haustutstillinga var i 1935
  • 1919 – Académie Moderne i Paris
  • 1920 – gifte seg med Klara Årset, fekk sonen Tore i 1921
  • 1932 – storflaum i ”Yddal”, atelieret og om lag 150 bilete for på sjøen og gjekk tapt

Bilete frå Eidsdalsrøre: