Mobil miljøstasjon

Odd Søvik og Einar Arne Eliassen er klare til å hente grovavfall med den nye bilen

Odd Søvik og Einar Arne Eliassen er klare til å hente grovavfall med den nye bilen

Annankvar onsdag er ein bil på plass og hentar grovavfall som folk i bygdene Norddal, Eidsdal og Geiranger har meldt inn.

 

Dette er eit nytt tilbod som tok til å gjelde frå 1. juni. Måndag var Odd Søvik og Einar Arne Eliassen saman med Yngve Hovden i Djupøyna og gjorde seg kjende med den splitter nye bilen som er på plass.

Alle som bur i desse tre bygdene har fått informasjon om den nye ordninga. Ingeborg Ukkelberg i Årim karakteriserer det nye tilbodet som ekstra godt, kanskje det beste tilbodet i heile regionen, sidan bilen kjem heilt heim til folk og hentar. Dermed treng ein ikkje ordne med hengar eller bil for å kvitte seg med slikt avfall.

– Vi har allereie fått den første bestillinga, sa ho på måndag, som var den dagen ordninga tok til å gjelde.

Melde inn
Systemet fungerer på den måten av folk som bur i desse tre bygdene, melder frå til Årim når dei har avfall som dei vil skal bli henta. Innmeldinga skjer anten på heimesidene til Årim eller ved å ringe kontoret i Ålesund.

Avfallet som kan hentast med denne bilen er grovavfall, slik som utrangerte møblar og madrassar, kjøken- og baderomsinnreiingar, mindre mengder plankar i kapp, syklar og anna sportsutstyr, større mengder papp, isolasjon og isopor og interiørartiklar. Miljøfarleg avfall kan ein også levere på denne måten. Det er slikt som mobiltelefonar og småelektronikk, lysrør og lyspærer, fjernsyn og PC-ar, kvitevarer, kjemikaliar, sprayboksar, måling, lim, lakk, mindre mengder impregnert trevirke, vindauge og mykje meir.

Annankvar onsdag
I utgangspunktet er det annakvar onsdag som er hentedagen for det som er meldt inn.

Alle abonnentar har fått ei kvote, der ein kan levere inntil 600 kilo grovavfall og 1000 kilo farleg avfall gratis i løpet av året. Etter kvart som ein leverer, blir mengda registrert. Dersom det blir meir, må ein betale for det.

Elektrisk og elektronisk avfall er gratis å levere, det same gjeld hageavfall. Yngve Hovden understrekar at folk på sørsida framleis kan levere hageavfall, klede, glas- og matemballasje i Kalvegjerdet. Ein av grunnane til at dette hentesystemet har vorte innført, er å få betre sortering. Fram til no har det vore slik at alt mulig har vorte kasta opp i kontainerane i Kalvegjerdet, og det har kosta ein del å få det levert og sortert i Ålesund. Mottaket for hageavfall i Kalvegjerdet kjem på plass i løpet av sommaren.

Tilbakemelding
– Vi er litt spente på korleis denne ordninga vil fungere, vi ser føre oss at vi no skal gjere oss ein del erfaringar, seier Ingeborg Ukkelberg og legg til at dei gjerne tek imot tilbakemeldingar om det er noko folk synest kan gjerast annleis og betre.